Bygstad Brass

Tar du utfordringa ?

Då er vi igang igjen med ein ny musikksesong. Alltid kjekt å starte opp igjen med øvingane. Men pga skulegang og permisjonar, er vi dessverre blitt litt færre i korpset. Vi skulle gjerne fått med nye på laget, så har du lyst er du hjarteleg velkomen. Vi tilbyr individuelt tilpassa opplæring med norges beste og (morsomste) dirigent.

Speleoppdrag fram til jul er Gaularmarknaden i september, Nordvesten i oktober, adventsbasen i november og julekonserten i desember.