Bygstad Brass

Årsmøte for 2016

Årsmøte for året 2016 vart halde torsdag 16. mars 2017 kl 19.00 på Tønna.

Sakliste:

  • Ordinære årsmøtesaker
  • Uniformsreglementet
  • Eventuelt 

Ordinære årsmøtesaker

  • Årsmeldinga var sendt ut til alle via epost før årsmøtet. Den vart godkjent med nokre endringar / tilføyingar.
  • Årsrekneskapen for 2016 vart gjennomgått og kommentert av kasseraren. Den vart godkjent utan merknader.
  • Budsjett for 2017 vart godkjent med atterhald om eventuelle ekstra kostnader til uniform.
  • Valet vart gjennomført samla med akklamasjon. Gjenval på alle i styret og dei aller fleste i nemndene. Sjå valliste nedanfor.

Uniformsreglement
Forslag til endringar i uniformsreglementet vart diskutert i møtet, men det vart til slutt semje om at vi held på dagens uniform, men at vi supplerer med nye hattar og uniformsjakker til dei som har behov for det. Uniforma skal nyttast ved alle offisielle speleoppdrag.

I tillegg var det ønskje om at vi bytter ut den svarte korpsvesten med ei svart dressjakke kombinert med t-skjorte eller kvit skjorte/bluse med farga slips / sjerf. Det skal vi kunne nytte ved mindre formelle speleoppdrag og innandørs konsertar. 

Årsmelding og rekneskap for 2017 er tilgjengeleg under Arkiv / Historikk.




Get Adobe Reader Read file
 Val på årsmøte 16. mars 2017.