Bygstad Brass

Flott basarhelg

Det var stappa fullt hus og god stemning på basaren vår 3. februar i samfunnshuset. Nytt i år var innslag med barneleikarringen, som hadde ei strålande framsyning av "Bamsens fødselsdag". Men sjølvsagt var det som vanleg innslag både med aspirantane i Bygstad, Sande og Bygstad skulemusikk, og Bygstad skule- og hornmusikk.

Vi hadde mange flotte gevinstar til ein verdi på over 20 000 kroner, og fekk inn over 31 000 kroner på loddbøkene og 12 000 kroner på åresal. Dette er tidenes beste basarresultat - ca 43 000 kroner i inntekt!

Det var også selt god mat og drikke. Her fekk vi inn nesten 4 000 kroner.

Basaren starta kl 16.30 og var slutt kl 18.45.

Takk til alle som støtta opp om basaren !