Bygstad Brass

Strålande 17. mai i Bygstad

Strålande ver med lett sol og over 20 grader la ei flott ramme rundt 17. mai feiringa i Bygstad. Korpset hadde som vanleg "full" dag med speling på skulen om morgonen, i barnetoget til kykja, i kyrkja, i folketoget etter kyrkja, til allsong på skulen, og til slutt konsert på skulen og på sjukeheimen på Sande.

Bilde av Bygstad Brass på 17. mai 2013.
Framma f.v. Siv Thorsen, Trine Lise Sagmo, Inger Hageberg Øvrebø, Heidi Nilsen, Arne Øvrebø, Annbjørg Førde, Hanne Katrine Mundal, Mette Grytten, Lovise Bjørvik og Gunnhild Birkeland.
Ståande f.v. Martin Yndestad (delvis skjult), Hermod Bredsdal, Roald Madsen, Fritjof Madsen, Sigbjørn Mo (delvis skjult), Irene Vange, Ole Magnus Mo, Christian Ødven, Arvid Ottemo, Frode Bareksten, Trond Aase og Ottar Rusken.