Bygstad Brass

Vellukka julekonsertar

Bygstad Brass på julekonserten i Sande kyrkje. Foto Dagfinn Vasstrand.

Vi har fått mange gode tilbakemeldingar både på julekonserten i Bygstad og på Sande. Det var første gongen vi deltok i julekonserten på Sande. Tilbakemeldingane vi fekk var eintydige; dette var den beste julekonserten som har vore på Sande! Det er veldig kjekt å høyre, og det har vi alle ein del av æra for. Så TUSEN TAKK til alle for flott innsats, og ei ekstra takk til Jason, som sjarmerte heile kyrkjelyden. Kanskje vi blir invitert med fleire gonger ? 

Medverkande på julekonserten i Bygstad
Bygstad Brass - Viksdalskoret - Brita Olin og Gunnhild Birkeland - Vivian Gauksrud m/døtre - Kjell Ivar Aase - Marta Aase Viken - Helen Tyssekvam - Marit Bertelsen Aase.

Medverkande på julekonserten på Sande
Sande blandakor - Gaular Minikor - Gaular Soul Children - Bygstad Brass - Maja Aarberg - Didrik Amundsen - Helen Tyssekvam - Kjell Ivar Aase - Eldrid Skudal

 

Ha ei riktig GOD JUL og EIT GODT NYTTÅR alle saman.

Vel møtt igjen på øving måndag 6. januar 2014.