Bygstad Brass

Aspirantopplæring i 3. klasse

Frå hausten 2017 blir aspirantopplæringa på skulen flytta frå 5. til 3. klasse. Dette skjer etter klare råd frå dirigenten vår og Norges Musikkorpsforbund, og er noko vi har ønska lenge. Erfaringane elles i landet viser at aspirantopplæringa bør starte så tidleg som i 3. klasse. Vi er veldig glade for at rektor Kirsten Råheim og leiargruppa på skulen tok utfordringa på kort varsel og ville gjere nødvendige tilpassingar i timeplanen frå hausten 2017.

For at også elevane som startar i 4. og 5. klasse hausten 2017 skal få tilbod om aspirantopplæring, vil skulen tilby aspirantoppklæring også for 5. klassingane dei to neste åra.

Invitasjon til aspirantopplæringa vart sendt ut i slutten av mai månad.

Invitasjonar
Klikk for å laste ned Program_invitasjonar/1705 invitasjon aspirantar - 2kl.pdf Invitasjon til aspirantopplæring 3. kl.
Klikk for å laste ned Program_invitasjonar/1705 invitasjon aspirantar - 4 kl.pdf Invitasjon til aspirantopplæring 5. kl.
Klikk for å laste ned Program_invitasjonar/1705 invitasjon skulekorps.pdf Invitasjon til skulemusikken