Bygstad Brass

Blåtur til Balestrand, Kaupanger og Fjærland

Årets sesong vart avslutta som vanleg med ein blåtur. Den gjekk i år frå Sande via Gaularfjellet til Balestrand og til fin orientering og omvising i Ciderhuset. Vidare til Sogndal og til Vesterland Feriepark der vi m.a. kosa oss med middag og Kahoot-konkurranse. Søndag etter frukost gjekk turen via Fjærland med stopp på Brævasshytta. Der vart det både innekonsert og utekonsert til stor glede for mange turistar; 2 turistbussar og mange bubilar.

Bildet er tatt inne på Brævasshytta.

Desse var med på turen:
Framme f.v. Sara Ødven, Heidi Nilsen, Annbjørg Førde, Arne Øvrebø og Hermund Fjær.
Bak f.v.: Reidun Skaflestad, Sigbjørg Mo, Otter Rusken, Frode Bareksten, Siv Thorsen, Gro Haga, Margunn Skudal Nistad, Irene Vange, Anne Medrødningen, Christian Ødven, Hermod Brendsdal og dirigenten vår Jasson Burn.