Bygstad Brass

2. plass i Nordvestivalen 2018 i Måløy

Laurdag 27. oktober 2018 deltok Bygstad Brass på Nordvestivalen 2018 i Måløy. Dette er ein konkurranse for vaksenkorps som er tilslutta NMF Nordvest, region i  Norges Musikkorps Forbund for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Det var femte gangen Bygstad Brass deltok i denne konkurransen. Første gangen var i Molde i 2012, deretter i Skodje i 2013, Sandane i 2014, Nordfjordeid i 2016 og no i Måløy i 2018.

Bygstad Brass stilte i 3. divisjon brass, i konkurranse med arrangørlaget Torskangerpoll Musikklag. Vi sikra oss 2.plassen!!

Også Førde Musikkleg deltok i denne konkurransen - 3. dvisjon janitsjar. Dei fekk også 2. plass i konkurranse med Måløy Musikklag.

Vi reiste med buss til Måløy saman med Førde Musikklag, og hadde ein flott helg med mykje godt musikk og sosialt samvær. Det musikalske høgdepunktet var Sjøforsvarets Musikkorps sin konsernt laurdag kveld. Det var heilt fantastisk å høyre på !

Dommarevalueringa er tilgjengeleg her (NB! Krev eiga innlogging).




Get Adobe Reader Read file
 Diplom og resultatliste Nordvestivalen 2018 i Måløy



Høyr konserten vår på Nordvestivalen 2018 i Måløy
Spill On the road
On the road

Last ned
Spill Hine e Hine
Hine e Hine

Last ned
Spill Brass Band Rag
Brass Band Rag

Last ned
Spill Marsch Starlake
Marsch Starlake

Last ned