Bygstad Brass

Strålande Blues Brothers konsert

David Zadig syng Blues Brothers (foto Sven Onnerstad)
David Zadig syng Blues Brothers (foto Sven Onnerstad)

Laurdag 30. mars inviterte vi til Blues Brothers konsert i Bygstad samfunnshus. Saman med musikalske gjestar - solistar, vokalistar og band -skapte vi god og fengande Blues Brothers stemning. Og alt vart sjølvsagt leia av vår dyktige og engasjerte dirigent Jason Burn.

Som hovudvokalist hadde vi fått med oss fotograf David Zadig frå Dale, ein dyktig og erfaren blues-vokalist. Og han skuffa ikkje.I tillegg hadde vi med oss tre dyktige og kjente damer frå Gaular; Hilde Tolo Mo, Birthe Nistad og Ingvild Noreng Ness.

Bandet bestod av organist og lærar Erlend Os frå Førde på keyboard, saman med tre kjente og kjære karar frå Bygstad; Nils Arve Aase Styve på el-bass, Sveinung Øvrebø på el-gitar og Sigbjørn Mo på trommer.

Elles stilte sjølvsagt Bygstad Brass med full besetning.

Det var nesten fullt hus (ca 230) og god bluesstemning blant publikum.

Sjå bildeserie frå journalist Geir Ivar Ramsli i Firda.

Sjå bildeserie frå Asbjørn Eikerol.




Get Adobe Reader Read file
 Plakat Blues Brothers konsert



Bildeserie av Dagfinn Vasstrand