Bygstad Brass

Basar & konsert 2. februar 2020

Søndag 2. februar vart den årlege korpsbasaren avvikla. Der var det god underhalding, mange fine gevinstar, god mat og drikke og godt sosialt samvær.

Underhaldning

  • Sande og Bygstad skulemusikk med ny dirigent, Julia Gåsvær
  • Bygstad Brass med dirigent Jason Burn

Det vart trekt ut 7 flotte (gratis) oppmøtegevinstar:

  • Havets Festbord på Tønna (2 gevinstar)
  • Bygstadrevyen 2020 (2 gevinstar) 
  • Robbie Williamskonsert med Bygstad Brass (2 gevinstar)
  • Familiebading i Førdehuset 

Det var godt oppmøte og god stemning på basaren. Med to "fulle" åresal, ni utselde loddbøker og godt kiosksal gir det ca 65 000 kroner til korpsdrifta. 

Takk til alle som støtta opp om basaren !