Bygstad Brass
www.bygstad.brass.no
 • Nyhende    • Info til musikantar    • Musikantar & tillitsvalde    • Arkiv / historikk     • Gjestebok    • Framside  

 

 

   Nyhende
    - Vellukka julekonsertar
    - 3. plass og pokal til Bygstad Brass
    - Skulemusikantar frå hausten 2013
    - Nye aspirantar hausten 2013
    - Ny logo på plass
    - Strålande 17. mai i Bygstad
    - Grasrotpengar til korpset
    - Vellukka Lyden av Gaular
    - Flott basarhelg
    - Musikktreff 23. mars 2013
    - Årsmøte 6. mars 2013
    - Basar 3. februar 2013
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 243 608

 

 

 




Flott basarhelg
 
Det var stappa fullt hus og god stemning på basaren vår 3. februar i samfunnshuset. Nytt i år var innslag med barneleikarringen, som hadde ei strålande framsyning av "Bamsens fødselsdag". Men sjølvsagt var det som vanleg innslag både med aspirantane i Bygstad, Sande og Bygstad skulemusikk, og Bygstad skule- og hornmusikk.

Vi hadde mange flotte gevinstar til ein verdi på over 20 000 kroner, og fekk inn over 31 000 kroner på loddbøkene og 12 000 kroner på åresal. Dette er tidenes beste basarresultat - ca 43 000 kroner i inntekt!
Det var også selt god mat og drikke. Her fekk vi inn nesten 4 000 kroner.

Basaren starta kl 16.30 og var slutt kl 18.45.

Takk til alle som støtta opp om basaren !



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Bygstad Brass - org nr 985 514 968