Blåtur til Ulvesund fyr

Korpset sin blåtur i år gjekk til Ulvesund fyr i Vågsøy kommune i eit strålande ver. Der hadde vi ei fin helg, og fekk m.a. god orientering om fyret og fin sang av vertinna Sølvi Hopland. Vi køyrde standsmessig i ein god og gamal veteranbuss med Arne Ødegård som sjåfør. Turen elles inneheld speling i Eidsdagata, bowling i Måløy, middag på Ulvesund fyr og mykje god underhalding på kvelden frå eigne rekker (vi kan meir enn å spele !).
Søndag morgon var det god frukost i eit nydeleg ver. Så gjekk turen heimover med speling på Breim utanfor bakeriet, til glede for både breimingar og gjester.
Takk til turnemnda - Siv, Heidi og Annbjørg - for ein vellukka tur også i år !
Bilde brå blåturen til Ulvesund fyr