Bygstad Brass

Om oss

Bygstad Brass er i dag eit vaksenkorps med 23 medlemmar (2022).

Bygstad Brass

BB er eit korps med messing-instrument. Vi spelar musikk i mange sjangrar, alt i frå bl.a rock/pop, filmmusikk til marsjar. 

I BB skal ein ha det kjekt på øving - høg trivsel er ein viktig faktor hos oss. Kom å bli med!

Saman med Sande- og Bygstad Skulemusikk lagar og sel vi Gaularkalendaren til inntekt til korpsa.

Historie

Korpset vart skipa i 1960 som to separate korps; Bygstad musikklag og Bygstad Hornmusikklag. Seinare fekk dei namna Bygstad skulemusikk og Bygstad Hornmusikk. Hausten 1994 vart laga formelt slått saman til Bygstad skule- og hornmusikk, og i mars 2013 vart namnet på korpset endra til Bygstad Brass. Frå 2010 har det vore eit samarbeid med Sande skulemusikk om felles korps for skulemusikantane i Bygstad og på Sande.
Søk
Driftes av Styreportalen AS